Sikkerhetsinformasjon til alle som ferdast i reguleringsområdet til Hydro Energi, Røldal Suldal

Informasjon frå Hydro Energi AS

Kraftlinjer

Ved store snømengder eller oppbygging av skavlar kan det oppstå område med låg avstand til kraftliner. Desse områda vil normalt vera tydeleg merka, men forholda kan endra seg raskt. Hald stor avstand frå linjer og vis aktsemd.

Usikre isforhold

På vatn i regulerte vassdrag vil det alltid vera fare for område med ope vatn og usikker is. Ver særleg merksam ved inn- og utløpsosar for tappetunnelar, kraftstasjonar o.l. Varierande vasstand fører til generelt svake parti og store sprekker i isen langs land. Desse kan vere skjult av tynne lag med snø og is. Mildvær og nedbør kan føre til auka vasstand og mykje overvatn på magasina. Hald stor avstand frå usikre område og vis aktsemd.

Oppdaterte meldingar om aktuelle forhold via SMS-teneste

Det er etablert SMS-teneste der alle som ønskjer kan motta status-meldingar om aktuelle forhold.

Gruppemelding "RSKVEST" for informasjon om forholda i Valldalen og Votna. Gruppemelding "RSKAUST" for informasjon om forholda i Sandvatn og Holmevatn.

Innmelding i gruppene kan du gjera slik:

Send SMS til 2229 med teksten RSKVEST eller RSKAUST (i eitt ord), og du vil straks motta sms-melding med oppdatert informasjon, samt ny informasjon ved endring. Om du ønskjer å stoppa meldingane sender du SMS til 2229 med tekst RSKVEST STOPP eller RSKAUST STOPP (Med mellomrom mellom orda).

Anna:

Vis respekt for inngjerding og skilting, vær forsiktig og ha ein fin tur. Forhold kan endra seg raskt så meld frå om usikra forhold.

 

- Hydro Energi AS

Telefon 35 09 32 40

www.Hydro.com