Revisjon av konsesjonsvilkår for Ulla-Førre reguleringa - høyringsfrist 1. desember 2021

NVE avgjorde den 14.11.2019 at konsesjonsvilkåra for Ulla-Førre reguleringa skal reviderast. 

På bakgrunn av krav frå Suldal, Hjelmeland og Bykle kommunar og føringar frå NVE har Statkraft utarbeidd eit revisjonsdokument som mellom anna beskriv reguleringane og vurderer dei ulempene ein er kjent med. Revisjonsdokumentet leggast no ut til offentleg høyring. Revisjonsdokumentet og fråsegnene til dette vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår. Revisjonsdokumentet leggast no ut til offentleg høyring og NVE inviterer alle som har interesse av saka til å uttale seg.

Revisjonsdokumentet og fråsegnene vil utgjere ein viktig del av grunnlaget for å fastsette reviderte vilkår.

Revisjonsdokumentet, og andre relevante dokument, er tilgjengeleg på NVE sine nettsider.
Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår finnast på www.nve.no/revisjon

Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på ein av følgjande måtar:
- via skjema for fråsegner, som de finn på NVE sine nettsider våre internettsider
- via e-post til uttalelse@nve.no (merk e-post med «Fråsegn» og saksnummer 201802490 i
emnefeltet, og gi opp namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei
verksemd
- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO

Fristen for å sende fråsegner er 1. desember 2021.

Jarle Lunde
Rådgivar
E-post
Telefon 52 79 24 35
Mobil 404 18 967