Pressemelding: Informasjon om smittetilfelle i Suldal, påvist 18.november

Ein person i Suldal Kommune har testa positivt på covid-19 i går, 18. november. Vedkommande har tilknyting til Sauda vgs, men smittekjelda er ikkje avklart enno.

22 personar er sett i karantene, og 17 av desse oppheld seg i Suldal kommune. Den smitta personen er tilsett ved Suldal Bu- og aktivitetstiltak. Tre tenestemottakarar og sju tilsette ved Suldal bu og aktivitetstiltak er difor sett i karantene. Pårørande til tenestemottakarane som er i karantene er informert om dette.

Det pågår ennå smittesporingsarbeid. I smittesporingsarbeidet er det eit godt samarbeid mellom kommuneoverlegane i Sauda og Suldal, og med smittesporingsteama i begge kommunar.

Er det spørsmål til saka kan de kontakte rådmann Øyvind Valen.

Øyvind Valen
Rådmann
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 950 51 159