Pressemelding: Foreløpig årsrekneskap 2020

Suldal kommune fekk i 2020 eit positivt netto driftsresultat på NOK 32,9 mill kroner. Dette utgjer 5,68 prosent av driftsinntektene (regulert budsjett  4,74%). Dette er lågare en tidlegare år. Resultatet er likevel godt med tanke på at sal av konsesjonskraft vart 21,3 mill kr mindre enn opprinneleg budsjett. 

Inntekter

Driftsinntektene utgjer NOK 579,3 mill. Dette er ein nedgang på NOK 7,6 mill  i høve regulert budsjett.  

Hovudtrekka i inntektene er reduksjon i inntektsskatten på om lag NOK 2,2 mill og mindre sal av konsesjonskraft enn regulert budsjett, tilsvarande om lag NOK 3,4 mill. Eigedomsskatt er i tråd med regulert budsjett.  Rammetilskot frå staten er om lag NOK 1,5 mill  mindre enn regulert budsjett.

Utgifter

Driftsutgiftene utgjer om lag NOK 572,4 mill  ein reduksjon på om lag NOK 13,7 mill  i høve regulert budsjett. Hovudårsak til dette er mindre bruk til opplæring, reiseutgifter, straum, driftsutgifter IT, lågare lønnsvekst og utgifter til pensjon.

Finans

Netto finansutgift aukar med NOK 3,9 mill i forhold til 2019. Dette skuldast mindreinntekt i finansplassering og auke i betalte avdrag. Netto renteinntekt er noko redusert.

Investering

Brutto investeringsutgifter i 2020 utgjer NOK 38,2 mill. Dette fordeler seg på

Transportmidlar, utstyr og IT med            NOK 5,0 mill

Vann og avløp med                                     NOK  8,9 mill

Vegar og tomtefelt                                      NOK 16,7 mill

Bygg innan omsorg                                    NOK 13,6 mill.

I tillegg er investeringsutgift til Suldal bad justert ned i rekneskapen for 2020.

Eigenfinansiering av investeringane utgjer om lag 82,9 %.

Kommunen si lånegjeld er NOK 306,4 mill, ein reduksjon på NOK 8,2 mill frå førre år.

Disposisjonsfond utgjer NOK 194,6 mill., ein auke på NOK 1,2 mill frå førre år. Kommunestyret har gjort vedtak om disponering av NOK 136,3 mill av desse.

Prosessen videre

Årsrekneskapen er under revisjon. Årsrapport og årsrekneskap 2020 skal til handsaming i formannskapet 29./30. april, og i kommunestyret 11. mai 2021.

 

Karin Dokken Austvik

kommunedirektør

Karin Dokken Austvik
Kommunedirektør
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 957 26 114