Pensjonert personell kan no arbeida utan å tapa pensjon

Skular, barnehagar og helsetenesta har no krevjande dagar i samband med koronapandemien. Det er eit stort behov for ekstra personell for å handtera sjukefråvær og ekstra arbeid som følgjer. 

Pensjonist?

Me ber om hjelp frå deg som er pensjonert lærar, pedagog, sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar eller har ein annan bakgrunn som kan bidra til å gje eit godt tilbod til innbyggarane våre i denne tida.

Stortinget har vedteke at pensjonert personell som kan bidra til å sikra forsvarleg bemanning under pandemien kan motta ordinær løn utan å få avkorta pensjonen. Vedtaket gjeld til om med 30.06.2022.

For skular og barnehagar gjeld pensjonistløn på kr 300,- per time utan avkorting i pensjonen. Dette gjeld dei med alderspensjon og AFP, men ikkje uførepensjon.

Me ber òg studentar og andre som ønskjer å hjelpa kontakta oss.

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål, eller ønskjer å melda deg,  kan du kontakta leiar ved eininga du ønskjer å bidra på. 

Du finn kontaktinformasjon under. 

Kontaktliste - einingar

Barnehagar
  • Sand barnehage, konstituert leiar Nina Brekke Nevøy, tlf 402 01 994
  • Kjølvikstølen barnehage, leiar Katarzyna Mysiara tlf 474 63 489
  • Stølane barnehage, leiar Gerd Haugsland Kolstø tlf 976 19 129
  • Vinjar barnehage, leiar Ingvild Vold Tveiten tlf 907 60 429
Skular/oppvekstsenter
  • Sand skule, leiar Jorunn Hoås, tlf  915 74 334
  • Vinjar skule, leiar Laila Røkenes, tlf 997 32 273
  • Erfjord skule, leiar Marit Fjellvang, tlf 918 10 535
  • Marvik skule, leiar Elisabeth Bjørkhaug, tlf 984 94 300
  • Nesflaten oppvekstsenter, leiar Anne Marie Gamlem Rabba, tlf 988 48 380
  • Jelsa oppvekstsenter, leiar Karin Nessa, tlf 472 66 449
  • Vanvik oppvekstsenter, leiar Jannicke Hillestad Hatlen tlf 912 43 268
Helse og heimeteneste
  • Helse, Adriaan van Ruiven, leiar tlf 454 22 697
  • Suldal sjukeheimen, Nora Thorbjørnsen, leiar tlf 995 10 535
  • Suldal heimeteneste, Monica Smedsrud, leiar tlf 404 85 607
  • Suldal Bu og aktivitetstiltak, Lisebeth Gjøse, leiar, tlf 957 20 738
Grethe Jæger Anglevik
Kommunalsjef - Helse
E-post
Telefon 52 79 22 72
Mobil 979 71 600