Påvist tilfelle av koronasmitte i Suldal

Fredag 26.juni vart det påvist eit tilfelle av koronamitte i Suldal kommune.

Kommunen starta straks smittesporing og kartlegging av nærkontaktar. Personen som har fått påvist smitte har vore på reise, og det er lite sannsynleg at smitten kjem frå Suldal. Vedkommande har hatt lite kontakt med andre etter retur til kommunen, og personane vedkommande har vore i kontakt med vert følgt opp av helsepersonel. 

Det er god oversikt over smittesituasjonen i Suldal.

Kommunen følgjer utviklinga tett, og kriseleiinga har jamnlege møte. Me følgjer fortløpande opp nasjonale vedtak og tilrådingar.

Likevel er dette ei god påminning til alle innbyggjare no før sommar og ferietid:

  • Nyt sommaren, men ta ikkje ferie frå smittevernet
  • Hald avstand (minst ein meter)
  • Vask hender
  • Hald deg heime om du får luftvegsymptom
  • Om du treng legehjelp kan du ringa fastlegen din, eller ta kontakt med legevakt 116 117.

Meir om status i Suldal finn du på kommunen si informasjonsside om koronavirus.