I denne veka er Suldal kommune i hovudsak ferdig med grupp3, som er personar over 75 år. Er det fortsatt nokon i denne gruppa som ikkje har fått time til vaksinasjon, så ber me dei om å kontakta oss på telefon 906 99 226.
Dei som blir prioritert for vaksine grunna underliggjande sjukdom eller tilstand med høg risiko for alvorleg forløp:
- Organtransplantasjon*
- Immunsvikt*
- Hematologisk kreftsykdom siste fem år*
- Annan aktiv kreftsjukdom, pågående eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)*
- Nevrologiske sjukdommer eller muskelsykdommer som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, cerebral parese og Downs syndrom)*
- Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon*
Vaksine blir tilbudt til enkelte personar i alderen 16–18 år, som barnelege vurderer er i behov av vaksine.
Kommunen har hatt dialog med fastlegane og tenesteapparatet i Suldal kommune og har fått lister over dei som er i gruppen som nå skal prioriteres for vaksine i gruppe fire.
Personer i desse risikogruppene blir oppringt av vaksinasjonsteamet i Suldal kommune. Personar i gruppa 65-74 år vil bli kontakta med ein SMS.
Har du underliggande sjukdommar som er markert med stjerne i lista, og ikkje høyrer noko frå oss innan 31. mars vil me at du kontaktar oss på telefon 906 99 226.
Har du fastlege i ein annan kommune enn du bor i?
Dersom du er busett i Suldal kommune, vil du få innkalling til vaksinasjon, sjølv om du har fastlege i ein annan kommune.