Oppdatering koronasituasjon 02.11.2020, friskmelde

Førre veke fekk to gjestearbeidarar påvist korona i Suldal kommune. Desse er no friske og har reist heim til heimlandet sitt.

Oppdatering 02.11.2020:

Dei to gjestearbeidarane som fekk stadfesta koronasmitte 23. og 28. oktober, er no friskmelde.
Dette betyr etter FHI sine retningslinjer at dei er symptomfrie og har vore symptomfrie i 3 døger, og det er meir enn 8 dagar sidan symptomdebut. Isoleringa i Suldal er avslutta, og dei to reiste då direkte heim.

--------------

28.10.2020
Seint fredag ettermiddag fekk ein gjestearbeidar positiv test for koronaviruset i Suldal kommune. I dag onsdag 28. oktober var det klart at nærkontakten til denne gjestearbeidaren også har testa positivt.

Desse to som no er smitta av korona, kom køyrande saman til Suldal onsdag kveld. Dei køyrte direkte til sin buplass, og har ikkje vore i kontakt med nokon i Suldal eller i Noreg. Dei vart rutinemessig testa direkte ved ankomst. Fredag ettermiddag kom testsvara, då var det ein positiv og ein negativ test.

Det vart gjennomført smittesporing og avdekkja at det berre var ein nærkontakt. Denne nærkontakten var alt i karantene og var ikkje i kontakt med nokon i helga. Nærkontakten fekk lette symptom over helga og vart testa på ny. I dag er det klart at også denne personen har testa positivt for korona.

Begge dei smitta har lette symptomer på sjukdom. Kommunen har eit godt samarbeid med arbeidsgjevar og bedriftshelseteneste, som saman med kommunen ser etter at dei to smitta er godt ivaretatt medan dei er i isolasjon.

Dei smitta har ingen nærkontaktar i Suldal, har ikkje vore i kontakt med lokale, og har heller ikkje vore på arbeidsplassen sin. 

Det har no vore tre tilfelle av påvist  koronasmitte i Suldal, 26.juni, 23. oktober og 28. oktober. Vidare har to personar som ikkje oppheld seg i Suldal kommune, men er folkeregistrert her, testa positivt for korona 06.september, og 26. oktober. Desse viser i oversiktstala til fleire aviser.

Desse nye tilfella er ei viktig påminning om å følgja råda frå sentrale myndigheiter.

  • Hald minst ein meter avstand til andre
  • Ta covid-19 test om du har luftvegssymptom
  • Hald deg heime om du er sjuk (gjeld all sjukdom)
  • Vaske hendene grundig og ofte
  • Host og nys i papirlommetørkle, eller i albuekroken om du ikkje har lommetørkle tilgjengeleg.

Sjå elles informasjon til befolkninga på helsenorge.no
 

Øyvind Valen
Rådmann
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 950 51 159
Harald Bjarne Hellesen
E-post
Telefon 52 79 23 15
Mobil 911 67 506