Oppdatering korona 06. januar.

Både 04. og 05. januar vart det stadfesta nytt tilfelle av koronasmitte i Suldal. 

Situasjonen med dei to smitta er oversikteleg, og alt tyder framleis på kjend smitteveg.

Dei to smitta har to nærkontaktar i Suldal. Desse har begge testa negativt, og er i karantene.

Legekontoret har tett kontakt med dei to smitta, som har relativt god helsetilstand. Dei smitta og nærkontaktane er alle personane over 18 år.

I Stavangerområdet  er det no rekordhøge smittetal, så  me oppmodar sterkt alle til å følgja nasjonale smitterverntiltak.