Open og transparent - bærebjelker for eit godt lokaldemokrati. Er Suldal ein open kommune?

- Å vere offentleg aktør og ta ansvar for at mest mogleg av drifta vår skal vera open og transparent for samfunnet rundt oss er eit stort og viktig ansvar, seier kommunedirektør Karin Dokken Austvik. 

Openheit er med på å sikra innbyggarane sine rettar

At ein kommune er open og transparent der er riktig å vera det, er viktig for at innbyggjarane skal få eit forhold til korleis kommunen blir driven og korleis ein tar avgjersler. Dette kan vera med på å sikra innbyggarane sine rettar og legga til rette for ein kritisk diskusjon om kommunen sin forvalting av fellesskapet sine ressursar.

Frå bunnplassering til 3. plass i openheitbarometeret

I 2018 var Suldal den minst opne kommunen i Rogaland og i 2021 låg Suldal midt på treet på ein 11. plass på oppenheitbarometeret.

- Då me i 2018 enda sist av alle kommunane i Rogaland, vart me samde om at me måtte jobba for å bli betre. Målet vårt er å vera ein open kommune, seier ordførar Gerd Helen Bø.

Det er kommunen sitt systematiske arbeid for å betra og tilgjengeleggjera informasjon som no gjer at Suldal hamnar på ein 3. plass i Rogaland og 37. plass nasjonalt. 

- Den digitale utviklinga går fort og innbyggjarane sine forventningar til digital tilgjengeleg informasjon og kommunikasjon aukar. Det er difor gledeleg å få ei slik tilbakemelding på jobben me gjer, det inspirerar oss til å bli endå betre, seier kommunedirektøren.

Suldal kommune har dei siste åra jobba systematisk for å betre legga til rette for informasjon til innbyggarane. Kommunen publiserer blant anna søkbare postlister og politiske saksdokument i fulltekst, annonserer politiske møter med kontaktinfo til politikarane, informerer om innsynsrett på nettsida vår og svarer ut innsynskrav innan 1 dag. 

Karin Dokken Austvik Jarle Lunde

Kjappe fakta om openheitbarometeret:

  • Kommunal rapport og Pressas offentlegutval undersøker kor vidt kommunane i Noreg er opne
  • Undersøkinga skjer ein gong i året
  • Resultata blir presenterte i ein rapport, openheitbarometeret