Ope stormøte om "Framtidas dyrehald"Lytt til tekstenStopp avspillingArbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland arrangerer ope stormøte 10. og 11. mai. Satsinga Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland arrangerer ope stormøte «Framtidas dyrehald», for bønder og andre landbruksinteresserte. Det blir eit møte på Undheim samfunnshus 10. mai, og eit i Tysvær på Tysværtunet 11.mai kl. 19.00 – 22.00 . Program og klokkeslett er likt for begge kveldane. Det er inga påmelding og gratis deltaking. Les meir informasjon og program på heimesida til Statsforvaltaren. Publisert av Martine Førre Publisert 03.05.2022 16.34