Økonomiplan med handlingsprogram 2023 - 2026

Kommunedirektøren legg onsdag 02.november kl.13.00 fram forslag til korleis Suldal skal arbeida innføre dei økonomiske rammene dei neste åra. Trass høge straumutgifter, historisk prisvekst og ei uroleg verd, er det sett av midler til nye tiltak òg i dei kommande åra. 

Kommunedirektør Karin Dokken Austvik Jarle Lunde

Høge forventingar og endra økonomiske føresetnadar

Suldal står framføre store og komplekse utfordringar, med eit endra behov for kommunale tenester, i tråd med at innbyggarane i kommunen vert eldre. Forventingane til kva kommunen skal levera aukar, samstundes som de økonomiske føresetnadane vert endra.  Dette tydar at me må ta nokre grep for å tilpassa oss framtida. Òg i Suldal merkar me at utgiftene aukar, og at andre varer og tenester er blitt dyrare. Dette kjem særleg til syne i dei store vedtekne utbyggingsprosjekta kommunen skal starta opp. Både for innbyggere og tilsette er det viktig med ei felles forståing for korleis me løyser framtidas oppgåver. 

Me legg fram eit forslag til økonomiplan med handlingsprogram der Suldal er og skal vera ein attraktiv kommune for innbyggare og næringsliv. Suldal kommune har en robust organisasjon som skal møta desse store omstillingane.

Framlegget vert streama live på Facebooksida vår.

Her kan du følgje sendinga.