Nytt smittetilfelle i Suldal

Suldal kommune mottok i dag 04. januar informasjon om at ein person busett i kommunen har testa positivt på koronavirus. Vedkomande hadde symptom på sjukdommen, og er no isolert.

Kommunen sitt smittesporingsteam har i ettermiddag jobba med å få oversikt over kva nærkontakter den smitta har hatt. Funna tyder på at det er eit fåtall personar som kan ha blitt smitta, og at det er kontroll på det kontaktmønsteret som den smitta personen har hatt. Alt tyder på at det er kjent smitteveg.

Kommunen har tatt kontakt med personar som kan ha blitt smitta. Desse nærkontaktene er no i karantene og vil bli testa for koronavirus. 

Med bakgrunn i dette vil me nytte høvet til å minne folk på å følgje dei nasjonale smittevernråda.