Nytt smittetilfelle - det andre i dag 29.oktober

Suldal kommune har mottat informasjon om at ein ny person har testa positivt for koronavirus. Dette er det andre tilfellet i dag 29. oktober.

Også denne personen er under 20 år og er elev ved Sauda vidaregåande skule avdeling Sand, Topp Volley Norge. Personen er nå isolert. 

Informasjonen smittesporingsteamet har fått tyder på at også dette er kjend smitteveg. Smittesporingsteamet og personen har i samarbeid jobba med å få oversikt over kven som er nærkontaktar. Alle nærkontaktane har nå blitt kontakta og fått informasjon om kva råd dei bør følgje.

Det vart stadfesta eit smittetilfelle onsdag 27. oktober, og med to smittetilfelle i dag er totalen i Suldal kommune i pandemien 38 smittetilfelle.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00

Laur - søn
10:00 - 13:00