Nytt koronatilfelle i Suldal 18. november

Ein person i Suldal kommune har i dag 18.november testa positivt for korona.

Den smitta har tilknyting til Sauda vgs, der to tilsette fekk stadfesta koronasmitte 15. og 16. november. Vedkomande har vore i karantene sidan måndag 16. november.

Det pågår no smittesporing for å avdekkje nærkontaktar. Suldal kommune kjem med meir informasjon etter klokka 12 i morgon, 19. november.

Dette er det fjerde tilfellet av koronasmitte i Suldal; det har vore eit tilfelle i juni og to i oktober tidlegare.