Suldal kommune følgjer dei nasjonale anbefalingene. Sjå oversikt over tiltaka her
Vår konkretisering av dei nasjonale råda fører til følgjande lokale konsekvensar for våre tenestetilbod:
- Organisert fritidsaktiviteter blir utsett til etter 18. januar. Dette betyr stengde idrettshallar på ettermiddag og kveldstid - men dei er opne for skulane si opplæring.
- Suldal bad stenger for all publikumsbading i perioden.
- Sand og Nesflaten ungdomskule går over til raudt nivå. Elevane og heimane får informasjon om kva dette innber direkte frå skulen.
- Barneskule og barnehage skal driftast på gult nivå som før.
- Kommunalt tilsette har heimekontor for dei som har moglegheit til dette.
- Dagsentera stenger fram til 18. januar
- Gruppetilbod i kulturskulen (drama og biletkunst) blir avlyst, i første omgang denne veka.
- Kulturhuset har vanleg opningstid på vekedagar, men stengjer laurdag 9. og 16. januar. Alle kulturarrangement, kino og bowling er stengt i denne perioden.
Endringar kan kome på kort varsel framover.
Me er framleis svært opptatte av å ikkje få smitte inn i husa våre med heildøgns omsorg.
For besøk på Vinjarheim, Suldal bu og aktivtet og Suldal sjukeheim:
Me oppfordrar til at bebuarar berre har besøk av ein fast besøksperson i denne perioden fram til 18. januar. Me har forståing for at dette i somme situasjonar vil vere for inngripande, og dette gjeld sjølvsagt ikkje når det gjeld alvorleg sjukdom. Ta kontakt med leiar på institusjonen for å drøfte din situasjon om du er i tvil om dette.
Me oppfordrar alle til å setje seg inn i og rette seg etter dei nye nasjonale tiltaka.