No kan næringsliv, lag/organisasjon og sameige/burettslag søkja om støtte til andre energieffektiviserande tiltak
Representerer du næringsliv, lag/organisasjon eller sameige/burettslag og har eit ønskje om å søkja støtte til eit energieffektiviserande tiltak som ikkje kjem under dei ordinære ordningane? Då har du to val:
1. Søk om støtte til eit innovativt prosjekt
Du kan søkja til støtte om eit innovativt energiprosjekt som bidreg til energieffektivisering. Du kan maksimalt få kr. 500 000,- i støtte, og du kan få støtte til inntil 60% av investeringskostnaden. Denne ordninga vil snart bli open for søknad.
2. Søk om støtte til andre energieffektiviserande tiltak
Du kan søkja om støtte til eit anna energieffektiviserande tiltak enn det som kjem inn under dei ordinære ordningane. Anna tiltak kan for eksempel gjelda fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon eller anna. Du kan maksimalt få kr. 500 000,- i støtte, og du kan få støtte til inntil 40% av investeringskostnaden. Denne ordninga er no open for søknad.
Dei ordinære ordningane du elles kan søkja på er:
- Varmepumpe luft til luft
- Etterisolering og skifte av vindauge
- Solceller
Korleis søkjer eg?
Du søkjer via digitalt skjema. Skjema finn du ved å følgje lenka under.
Skjema krevjer innlogging med bank-id. Før du logger inn i skjema må du ha klart:
- Namn
- Adresse
- Organisasjonsnummer
- Kontonummer
- Skildring av tiltak
- Kopi av tilbod frå leverandør/fakturakopi, faktura ved utbetaling
Søknadsskjema og meir informasjon om støtteordningane finn du på denne sida.
Publisert av Elisabeth Bjørkhaug
Publisert 16.01.2023 09.30