Melding frå Statkraft om vassføring til Suldalslågen

Vassføring til Suldalslågen blir oppregulert ein periode på grunn av tilsigsprognose/flaumvarsel

Det er eit vått varsel framfor oss, me har difor planlagt for god demping i bla Suldalsvatnet.

Tapping til Hylen starta i går (ca 300 m^3/s), men samla avledning til Hylen har vore noko redusert pga produksjonsbegrensning i Hylen.

Statkraft ynskjer difor å auke flaumdempinga ytterlegare ved å sleppe meir vatn til Suldalslågen.

Minstevassføringskravet til Suldalslågen er no 19 m^3/s, difor denne eposten/informasjonen: det er uvanleg med så stor vassføring til Suldalslågen på denne tida av året.

Me startar no roleg oppregulering frå ca 20 m^3/s til ca 80 m3/s og vil halde denne vassføringa ei tid framover. Nedreguleringa vert gjennomført i samsvar med konsesjonskrav (sakte nedregulering for å unngå stranding av fisk)

Til informasjon slepp me 200 m^3/s under vår- og haustflaumane.