Me vil ha di meining om nettsidene våre
Me ønskjer innbyggarane sin tilbakemelding slik at me på beste måte kan tilpassa innhaldet på www.suldal.kommune.no etter dine behov.
Det er viktig at du finn den informasjonen du er ute etter og får løyst oppgåvene du kom til nettsidene for å løysa. Det får du nødvendigvis ikkje i dag, og det er difor av stor verdi at du seier di meining om nettsidene våre.
Stort arbeid til hausten
Me skal til hausten i gang med eit stort arbeid saman med Hjelmeland, Sauda og Strand kommunar, som skal sikra at innhaldet på nettsidene er universelt utforma. Me har til no utført testar på nettsidene som viser at deler av innhaldet ikkje er tilgjengeleg for alle. Dette ønskjer me å gjera noko med.
Vil du sei meininga di?
Sei meininga di om www.suldal.kommune.no her
Publisert av Elisabeth Bjørkhaug
Publisert 13.07.2023 12.50