Me treng ein trygg veg - Rødsliane må inn i første del av NTP!

Rv 13 er livsnerva i Suldal. Vegen er skuleveg, arbeidsveg og ein viktig veg for næringslivet vårt. Me treng ein trygg veg for skuleborna våre og for alle vegfarande.


Den siste månaden har det gått fleire ras på RV 13 gjennom Suldal. Etter det siste raset i Rødsliane, har og vegen vore stengd enkelte netter på grunn av rasfare. Klimaendringane vil gi auka rasfare framover.

Etter at Sandsfjordbrua  og Ryfast opna har vegen vorte viktigare for resten av Ryfylke. Strekninga frå Stavanger langs RV 13 opp mot Røldal og E 134 har vorte kortare og er eit betre alternativ for gjennomfart.

Rødsliane, der det siste raset gjekk, er den mest rasutsette vegen i Rogaland og vart for 2 år sidan kåra til den 3. verste vegen i landet. Reguleringsplanen for tunell som  rassikringstiltak  i Rødsliane er klar. Arbeidet med tunellen kan startast straks, helst før Nasjonal transportplan vert vedteken. Kommunen har sett av midlar til å dekka rentekostnader ved eit lån, fylkeskommunen (PDF, 61 kB) er positive til ei forskottering.

I komande NTP må det lagast ein nasjonal plan for skredsikring av  alle punkt på riks – og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. Planen må sikrast finansiering slik at den vert gjennomført i 12 årsperioden, slik nasjonal rassikringsgruppe krev.

 

Følg nasjonal rassikringsgruppe sitt krav om ein samla plan for rassikring  i planperioden!

Rødsliane  må inn i første del av NTP!

 

Gerd Helen Bø,
ordførar Suldal kommune

Gerd Helen Bø
Ordførar
E-post
Telefon 52 79 22 01
Mobil 414 73 037