Manntalet i Suldal for offentleg ettersyn
Jamfør Vallova § 2-6 første ledd skal manntalet leggast ut for offentleg ettersyn.
Valgdirektoratet
Om manntalet
Manntalet er ei oversikt over stemmeberettiga i kommunen. Alle stemmeberettiga skal manntalsførast i den kommunen der dei er registrerte som busette per 30.juni i valgåret.
Etter 30. juni overførar folkeregistermyndigheita manntalsopplysningane til kommunane. Manntalet skal så leggast ut for offentleg ettersyn slik at velgjaren kan kontrollera eigne opplysningar, og eventuelt senda inn klage dersom det er feil i manntalet.
Den som meiar at vedkommande sjølv eller nokon annan er innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan krevja feilen retta. Kravet skal vera skriftleg og begrunna, og sendast valstyret i kommunen.
Eventuell klage sendast til Valstyret i Suldal, Eidsvegen 7, 4230 SAND eller på e-post til postmottak@suldal.kommune.no
Manntalet i Suldal er tilgjengeleg på kommunehuset i opningstida måndag til fredag kl.10.00 - 14.00.
Publisert av Martine Førre
Publisert 10.07.2023 13.03