Legekontoret informerar om redusert tilbod i sommar

I samband med ferieavvikling, handtering av pandemien og vaksinering, vil aktiviteten og kapasiteten på Suldal legekontor vera redusert i sommar.  

Tilbodet vil vere redusert frå sankthans til ut august. Dette førar til at ein må rekna lenger ventetid for timar til lege, laboratoriet og til sjukepleiar. Øyeblikkeleg hjelp er som alltid prioritert. Ved akutt behov for hjelp vil helsepersonell stå klare.

Her finn du opningstidene på legekontoret i sommar. 

Du finn òg informasjon om korleis du fornyar reseptar, bestillar time, legevaktordninga vår og vaksinering.

Legekontor
Telefon 52 79 23 00