Legat og stipend

Det skal for 2018 delast ut midlar frå Legat til sosiale føremål og Utdanningslegat i Suldal kommune. Søknaden skal skrivast på søknadsskjema som du finn på www.suldal.net eller i servicetorget på Kommunehuset, tlf. 52 79 22 00.

Søknadsfrist er 31.12.2017.

Midlane vert delt ut våren 2018.

Stipend til sosiale føremål

Utdrag frå vedtektene: §3 Ni tidelar kan delast ut som legatporsjonar til institusjonar, lag og organisasjonar og enkeltpersonar.

Ved utdeling kan ein ta sosiale omsyn.

Legg merke til at enkeltpersonar kan søkja. Det kan vera å få økonomisk stønad i samband med opphald på rehabiliteringsinstitusjon etter sjukdom, stønad til nødvendige hjelpemiddel som ikkje vert dekka av det offentlege osv.

Stipend frå Utdanningslegat i Suldal kommune

Stipend kan delast ut til ungdom som tek utdanning ved høgskule og universitet etter følgjande føresetnader:

 Søkjaren må ikkje ha fylt 30 år innan utgangen av 2015

 Søkjaren må vera heimehøyrande i Suldal kommune på søknadstidspunktet

 Søkjaren må ha utdanning ved godkjent utdanningsinstitusjon

 Kvar person kan berre få stipend ein gong

 Studiet må vera på over fem månader for å utløysa stipend

Fann du det du leita etter?