Landbrukspris og byggeskikkpris 2021

Du kan no foreslå kandidatar til året landbrukspris og byggeskikkpris.

Landbrukspris 2021

Kommunen deler årleg ut pris til ein bonde som har utmerka seg på ein særskild positiv måte.  Det er LMT-utvalet som står for utdelinga.

Publikum vert oppmoda om å føreslå kandidatar.  Forslag kan sendast på e-post til endre.gjil@suldal.kommune.no eller i brev til Endre Gjil, Suldal kommune, Eidvegen 7, 4230 Sand.  Merk med «forslag årets bonde»

Byggeskikkpris 2021

Kommunen held fram med å dela ut ein byggeskikkpris som skal vera døme for andre.  Det kan delast ut pris i tre kategoriar:

  • Rehabilitering/restaurering
  • Nybygg
  • Terrengtiltak som t.d. vegar

Kommunen har ein eigen komité som står for utveljinga av kandidatar, og det er LMT-utvalet som står for utdelinga.

Publikum vert oppmoda om å føreslå kandidatar.  Forslag kan senast på e-post til endre.gjil@suldal.kommune.no eller i brev til Endre Gjil, Suldal kommune, Eidvegen 7, 4230 Sand.  Merk  med «forslag byggeskikkpris».

 

Fristen for å komma med innspel er seinast 18. oktober -21.

Endre Gjil
Leiar
E-post
Telefon 52 79 24 01
Mobil 404 10 713