Kven fortener Suldal kommune sin kulturpris?

I fjor delte kommunen ut sin første eldsjelpris, og i år er det kulturprisen me ber om innspel på.

Kulturprisen kan delast ut til personar eller organisasjonar med tilknyting til Suldal som gjer, eller har gjort, eit framifrå og trufast arbeid i lokalt eller nasjonalt kulturliv.
Innbyggjarane i kommunen blir inviterte til å komma med grunngjevne, skriftlege forslag til kandidatar.

Skriftleg, grunngjeve forslag på kandidat til kulturpris og søknad om kulturstipend må vera kulturkontoret i hende innan 6. november 2020. Send inn på epost til postmottak@suldal.kommune.no