Koronastatus 31.12.20 - vaksiner og nyttårshelg

Suldal har fått melding om at me får 10 dosar med vaksinasjon i første leveranse, som blir levert 6. januar. 

Kommunen vil følgje prioriteringsrettleiaren frå FHI, og vil starte vaksinasjonen 7. januar på Suldal sjukeheim.
Me vil ta kontakt når det er din tur og ber deg tenke gjennom om du ønskjer å få sett vaksina på førehand. Vaksina er gratis. 

Vaksine - sesonginfluensa

Suldal har fått påfyll av den ordinære influensavaksina. Denne gjekk me tom for etter ei vellukka massevaksinering for risikogruppene i november.

Dei som ønskjer sesong inflensavaksine (ikkje korona), kan bestille tid på legekontoret via SMS eller ringe til koronatelefonenen mellom 08:00 - 14:00. De vil få tid til vaksinering og skal møte på oppsett tid utanfor legevaktsinngangen. Vidare vil de bli slusa inn på legekontoret, får set tvaksina der og ventar på venterommet.

For å bestille tid på SMS, start tekstmelding med SULDAL + fødselsdato, namn og kva det gjeld. Send til 2097.

Nyttårshelga

Det er framleis ikkje påvist nye tilfelle av smitte i Suldal kommune, men  smittepresset aukar i Stavangerområdet, og me minnar om at det er svært viktig å følgje nasjonale smittevernråd også i Suldal.

Her kan du lese tiltaka for jul og nyttår:
https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/rad-for-jul-og-nyttar-2020

 

Hugs også dei kjende anbefalingane:

  • Hald avstand
  • Hald hendene reine
  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald nede antalet personar du møter
Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Telefonen blir besvart i opningstida til legekontoret