Vaksinestatus - snart klart for neste gruppe i vaksinasjonen

Suldal kommune vil frå veke 18 kalla inn til vaksinasjon for gruppa personar 55 - 64 år med underliggande sjukdommar.

Dei eldste i gruppa får først, og så arbeider me oss ned over listene etter alder.

Det er dei i gruppa 55 - 64 år med følgjande sjukdommar/tilstandar som no står for tur:

  • Kronisk leversykdom eller betydelig nedsatt leverfunksjon  
  • Immundempende behandling som ved autoimmune sykdommer  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesykdom, inkludert alvorlig astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høyere 
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsykdommer (med unntak av høyt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  

Dersom du er i denne prioriterte gruppa for koronavaksinering, så slepp du å bestilla time for å bli vaksinert. Du får ein SMS eller telefon frå kommunen når det er din tur. Den må du svare på for å bekrefte timen du får tildelt.

 Avhengig av vaksinetilgangen kan det vere fleire veker fram i tid. Det er per nå Pfizer-Binotech vaksiner som Suldal får tildelt.

Vaksinen er gratis og frivillig. Du trenger ikkje å konfakte fastlegen din for å få koronavaksine.

Status 23.04.2021 Vaksinering og testing

Denne veka har 112 fått første dose pfizer-vaksine, og 22 har fått andre dose. 18 er testa for korona, ingen positive.

Ein er no i sluttfasen av å vaksinere dei i alder 65 - 74 med første dose.

Her kan du sjå meir informasjon om vaksineringa i Suldal kommune.