Vaksinestatus 12.02.2021 - 59 personar vaksinerte denne veka

Me er no godt i gong med å vaksinere gruppa 75 – 84 år.

Gode erfaringar med vaksinering

52 personar har fått første dose denne veka. Til saman har 213 fått første dose i Suldal, og 39 er ferdigvaksinerte. 

«Me har starta blant dei eldste i aldersgruppa 75 - 84, og arbeider oss gjennom lista» seier Adriaan van Ruiven, einingsleiar helse. Det er sendt SMS til alle i aldersgruppa med spørsmål om dei vil ha vaksina, og innkalling blir sendt til dei som har stadfesta, etter kvart som det blir deira tur. Men alle vil bli kontakta, også dei som ikkje har svart på sms-en. Vaksineringa denne første veka i ny aldersgruppe har fungert godt, og tilbakemeldingane på å bli kalla inn på SMS har vore gode.

Inntil 20 % av vaksinene skal nyttast til helsepersonell, og i Suldal er det no 38 helsepersonell som er vaksinerte, 7 er fullvaksinert.

Alle skal ha to dosar

Sidan alle skal ha to dosar av denne vaksinetypen, vil ein i tida framover ikkje kunne setje like mange 1. dosar. Det betyr at det kan ta noko tid før alle i gruppa 75-84 blir kalla inn til vaksinering. Me veit heller ikkje kor mange vaksiner me får tildelt fram i tid.

Informasjon om vaksineringa, tabell over kor mange som er vaksinerte og annan informasjon, finn du på kommunen si side om koronavaksinering.

Smittevern viktig også etter vaksinering

Ein reknar med at det tar 1-2 veker etter vaksinedose 2 før ein er beskytta mot koronasjukdom. Førebels veit ein ikkje kor lenge vaksina beskyttar.

Ein veit enno ikkje kor godt vaksina hindrar smittespreiing. På sikt vil det truleg koma lette i smitteverntiltaka, men foreløpig må dei som er vaksinerte følgja gjeldane smittevernreglar.

Det er også karanteneplikt sjølv om ein er vaksinert.

Meir om dette kan du lesa i Folkehelseinstituttet sin informasjon om koronavaksine.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Telefonen blir besvart i opningstida til legekontoret