Vaksinering mot korona

Vaksinasjonen skjer ut frå ei prioritert rekkefølgje av risikogrupper. Om du tilhøyrer ei slik gruppe vil du bli kontakta når det er din tur til å få tilbod om vaksine. 

I Suldal kommune vaksinerer me no dei i alderen 55 - 64 år med underliggande sjukdommar. Du blir kontakta når det er din tur til å vaksinerast.
Per 29. april har alle i aldersgruppa 65 - 74 fått tilbod om første dose.

03. mai vart det sendt ut sms til alle innbyggarar i alderen 18 - 65 år, med spørsmål om ein ønskjer å ta vaksina. Dette for å vere klar til å kalla deg inn til vaksinering når det blir din tur. Akkurat når det blir din tur veit me ikkje, då det er varierande kor mange vaksinedosar kommunen får kvar veke. 

Koronavaksinering
Koronavaksinering
Dato Hetteglas mottatt - Pfizer Hetteglas mottatt - Astazeneca 1.dose sett 2.dose sett (ferdig vaksinert) Kven får vaksine?
Veke 20 17 55 - 64 med underliggande sjukdom, helsepersonell
Veke 19 16 32 70 55 - 64 med underliggande sjukdom, helsepersonell
Veke 18 16 57 55 55 - 64 med underliggande sjukdom, helsepersonell
Veke 17 27 104 85 65-74 år, 55 - 64 med underliggande sjukdom, helsepersonell
Veke 16 21 112 22 65-74 år
Veke 15 21 147 65-74 år
Veke 14 17 113 6 65-74 år og høgrisikogrupper
Veke 13 12 85 Over 75 år, 65-74 og høgrisikogrupper
Veke 12 8 47 9 Over 75 år
Veke 11 10 64 6 Over 75 år
Veke 10 9 10 17 41 Over 75 år, helsepersonell
Veke 9 9 10 111 48 Over 75 år, helsepersonell
Veke 8 9 60 Over 75 år, helsepersonell
Veke 7 9 29 29 Over 75 år, helsepersonell
Veke 6 10 52 7 Over 75 år, helsepersonell
Veke 5 13 80 21 Over 85 år, helsepersonell
veke 4 7 42 11 Over 85 år, helsepersonell
Veke 3 1 6 Sjukeheim, helsepersonell
Veke 1 2 12 Sjukeheim, helsepersonell
Sum 1138 470

 

Alle i aldersgruppa 55 - 64 med underliggande sjukdommar vil bli kontakta, anten via sms eller telefon, når timen for vaksinering nærmar seg. Avhengig av vaksinetilgangen kan det vere fleire veker fram i tid.

Vaksinering med AztraZeneca-vaksina
I veke 9 fekk Suldal første leveranse av AstraZeneca-vaksina. Denne vaksinetypen vart i veke 9 og 10 brukt på helsepersonell i Suldal. 

Dei som har fått AstraZeneca-vaksina, skal få tilbod om andre dose med Pzizervaksine. Dette vil føregå frå veke 21.

Har du fått innkalling til vaksinering, men er blitt sjuk? Andre spørsmål om vaksina?

Ikkje ring legekontoret -  Ring koronatelefonen, 906 99 226 i legekontoret si opningstid.

Prioritering

Me følgjer den nasjonale prioriteringsrekkefølga:

  • Bebuarar i sjukeheim (Ferdig)
  • Alder 85 år eller eldre (Ferdig)
  • Alder 75 til 84 år (Ferdig)
  • Alder 65 til 74 år og einskilde personer 18-64 år med særleg høg risiko (1. dose ferdig)
  • Alder 55–64 år med underliggande sjukdom/ tilstand ( I gong)
  • Alder 45–54 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  • Alder 18–44 år med underliggande sjukdom/ tilstand
  • Generell befolkning 18-64 år.

Helsepersonell har blitt vaksinert parallelt med risikogruppene.

Koronavaksina - praktisk informasjon

Vaksinen er gratis og all vaksinasjon i Norge er frivillig. I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle. Norge vil få tilgang på fleire ulike vaksiner og dei første vaksinene me får, består av 2 dosar. Du vil få to avtalar for vaksinering, med nokre vekers intervall, avhengig av vaksina. 

Førebuingar til vaksinasjon

  • Vaksina blir sett i overarmen. Tilpass påkledning etter dette.
  • Du må setja av litt ekstra tid, for du må venta i 30 minutt etter at vaksina er sett. Det vil vere helsefagleg personell tilgjengeleg i venteareala dersom du treng bistand.
  • Vaksinering skal utsettast ved akutt infeksjonssykdom med feber over 38 grader.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen, ring umiddelbart til koronatelefonen: 906 99 226.

FHI sin rettleiar "koronavaksina på 1-2-3" kan du lese her.

Når kan eg få vaksine?

Me skal tilby koronavaksinasjon til alle innbyggarane i Suldal. Vårt mål er at personar som blir tilrådd vaksinasjon, vel å ta vaksina.

Alle som får tilbod om vaksine, får informasjon om når det er sin tur. Me veit ikkje kor mange vaksiner me får framover, så me kan ikkje seie akkurat når det blir din tur. Det er fint om du ser at det er oppdatert kontaktinformasjon som ligg inne på norge.no, så vil du bli kontakta når det er din tur.

Kan eg byte time?

Suldal kommune oppmodar alle om å nytte timen dei får tildelt. Du er tildelt time på bakgrunn av din plass i prioriteringsgruppene. Avlysing av tildelt time vil gi ekstraarbeid for vaksinasjonsteamet, som har fullt opp med med den krevjande logistikken med vaksinering.

Har me rett kontaktinformasjon?

For å lettare komma i kontakt med deg, ber me om at du oppdaterer kontaktinformasjon som ligg inne på norge.no. Legg inn mobiltelefonnummer og ei e-postadresse i dette kontaktregisteret: https://norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. Få hjelp til dette, om du har behov for det. Har du ikkje eigen mobil eller e-postadresse, kan du nytta kontaktinformasjonen til ein pårørande.

 

Legekontor
Telefon 52 79 23 00
Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Open i legekontoret si opningstid

Adresse

Eidsvegen 3

4230 Sand