Utlysing - Stønad frå kommunal kompensasjonsordning

Kompensasjonsordninga omfattar lokale verksemder råka av nasjonale smitteverntiltak.

Suldal kommune har fått tildelt kr 555 000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å setja kommunen raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.  
Det kan òg gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet.

Søknaden må dokumentera reduksjon/tap som følgje av smitteverntiltak og stenging.

Vurdering av søknadar

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva slags verksemd dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen. 

Korleis søke om stønad?

Send elektronisk søknad via regionalforvaltning

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 31. januar 2022.

Anna informasjon

Opplysningar i søknaden vil vere offentlege etter offentleglova.