To stadefsta smittetilfelle 08.november

Suldal kommune har mottatt informasjon om at to ny personar har testa positivt for koronavirus.

Også desse personane er under 20 år og er elevar ved Sauda vidaregåande skule avdeling Sand, Topp Volley Norge. Personane er nå isolert. 

Informasjonen smittesporingsteamet har fått tyder på at også dette er kjend smitteveg. Smittesporingsteamet og personen har i samarbeid jobba med å få oversikt over kven som er nærkontaktar. Alle nærkontaktane har nå blitt kontakta og fått informasjon om kva råd dei bør følgje. 

Suldal kommune har i samråd med FHI starta med jamnleg testing av elevane to gonger i veka med hurtigtest og vil fortsette med dette i veka som kjem. Det er løpande dialog mellom Suldal kommune og Sauda vidaregåande skule om smitteverntiltak og oppfølging av elevane. 

Det er no 17 personar som har testa positivt knytta til Toppvolley sidan 27. oktober. Totalt er det no 52 personar i Suldal som har testa positivt for koronavirus sidan starten av pandemien.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00

Laur - søn
10:00 - 13:00