To nye smittetilfelle

I dag, 12. januar, har to personar i Suldal kommune fått positiv test for koronavirus.

Smittesporinga er avslutta, og viser at det er 4 nærkontaktar i kommunen. Smittesporinga tyder på at det er kontroll på kontaktmønsteret som dei smitta personane har hatt. Dei to smitta har vore i kontakt, og alt tyder på kjent smitteveg.

Dei smitta er i isolasjon, og nærkontaktene er i karantene. Smittesporingsteamet har vore i kontakt med samtlege nærkontaktar, som i dag er testa for koronavirus.

Det er ingen samanheng mellom desse smittetilfella og smittetilfella førre veke.

Til saman har no 8 personar testa positivt for koronavirus i Suldal kommune.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Telefonen blir besvart i opningstida til legekontoret

Legekontor
Telefon 52 79 23 00