Suldal kommune vaksinerer ungdom 16-17 år 27. august

Regjeringa opnar for at kommunane kan starta vaksinering av denne aldersgruppa når den vaksne befolkninga over 18 år har fått minst 1 dose. I og med at kommunen har gitt dei fleste innbyggarar over 18 år første dose, så vil Suldal kommune no prioritera denne aldersgruppa.
Det er ca. 100 ungdommar i denne aldersgruppa i Suldal.

Suldal kommune startar vaksinering av 16 og 17 åringar allereie 27. august 2021.

Ein har rett på vaksine i den kommunen ein oppheld seg i, om du ikkje får innkalling, ta kontakt med lokal koronatelefon. 
Dersom du går på skule i annan kommune enn der du er folkeregistrert busett, og tek i mot vaksina på skulen, så er det viktig at du gir beskjed til Suldal kommune via koronatelefonen.

Det blir sett opp vaksinasjon på Suldal legekontor, fredag 27. august kl. 14:30 -19:00.
Det kan bli litt kø. Det er også minimum 20 minutt ventetid etter at vaksinen er satt.
Det er fint om du har på deg t-skjorte slik at vaksineringa går raskare.
Du vil få time til andre dose når du får første dose.

Praktisk informasjon

Du må hugse ditt fødsels- og personnummer (11 siffer). Du må også fylla ut ei eigenerklæring med helsespørsmål når du møter opp. 
Alle som er fylt 16 år er helserettsleg myndig, og kan sjølv avgjera om dei vil ta vaksina.

Samtykke til vaksinering mot Covid-19 for personar under 16 år.

Dei som er født i 2005 men enno ikke fylt 16 år må ha samtykke fra dei som har foreldreansvaret. Dersom begge foreldra har foreldreansvar må begge samtykke innan onsdag 25.august.
Logg inn i skjema for samtykke til vaksinering. 

Alternativt må den/de med foreldreansvar møte saman med deg til vaksinering.

Om vaksina

Comirnaty (Pfizer) er en mRNA-vaksine som ikkje inneheld levande virus og gir ikkje koronainfeksjon. Koronavaksinane verkar førebyggande. Den kan ikkje kurera koronasjukdom som ein allereie har fått.
Du vil få utdelt eit informasjonsark om vaksina, samt moglege bivirkningar når du møter til vaksinering.

Her kan du lesa meir informasjon om vaksina.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00