Status vaksinering 16. april

Denne veka, veke 15,  sette me i Suldal 147 dosar med Pfizer Binotech vaksine. Dette er det meste me har fått på ei veke, og me er glade for at me kan vaksinere stadig fleire suldøler!

Vaksinene denne veka har gått til å vaksinere personar i aldersgruppa 65-74 år, og denne gruppa vil me halde fram med å vaksinere dei neste vekene. I gruppe 4 har no dei med særleg høg risiko og dei over 70 år fått første dose. I Suldal har no 833 personar fått første dose, og 238 er ferdigvaksinert.

Dei neste to vekene, veke 16 og 17, vil halde fram med stor vaksinetilgang, og vil dermed kunne setje over 250 vaksiner til i løpet av april.

Når me er ferdig med gruppa 65-74 vil Suldal kommune vaksinere i denne rekkefølga: 


5. Alder 55-64 år med underliggende sykdommer/tilstander 

6. Alder 45-54 år med underliggende sykdommer/tilstander

7. Alder 18-44 år med underliggende sykdommer/tilstander 

8. Alder 55-64 år 

9. Alder 45-54 år 

 

Oppfordrar til testing


Me har framleis ikkje smitte i kommunen. Takk til alle innbyggarane i Suldal, som er gode å etterleve råd og tiltak, og å halda avstand. Dei siste vekene har tala for dei som har testa seg for korona vore relativt låge, under 50 i veka. Me er glade for at me ikkje har hatt smitte i kommunen den siste tida, men vil alle minna om at  å teste seg for korona om ein får symptom på luftvegssjukdom.

Her kan du sjå dei nasjonale tiltaka og råda som gjeld no.