Status - Smittesituasjon laurdag 15.januar
Suldal kommune har i ettermiddag motteke stadfesting om at 7 personar i kommunen har testa positivt for koronavirus. 5 av desse er elevar ved Sand skule.
Om smittesituasjonen
Personane med påvist smitte er no isolert.
Smittesporingsteamet har i ettermiddag, i samarbeid med dei smitta, arbeida med å kartlegga kven som er nærkontaktar. Informasjonen smittesporingsteamet har motteke tyder på at det er ukjend smitteveg.
Koronatelefonen i Suldal kommune har opent i morgon søndag 16.01.2022 frå kl 10:00 til 17:00 på telefonnummer 906 99 226.
Me minnar om dei nasjonale smittevernråda og reglane me følgjer.
Dei viktigaste er:
- Hold deg heime ved sjukdom
- Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptomer
Les nasjonale råd og reglar i sin heilskap
Informasjon kring den lokale smittesituasjonen vert oppdatert løpande.
Publisert av Martine Førre
Publisert 15.01.2022 22.02