Smittesituasjon Haugalandet

Haugalandet har ein situasjon med stor smitte og strenge tiltak.

Det er ikkje positive koronatilfelle i Suldal sidan januar, og Suldal kommune har per nå ikkje lokale tiltak og tilrådingar utover dei nasjonale.

Suldal kommune vurderer situasjonen på Haugalandet fortløpande. På ytra Haugalandet har situasjonen forverra seg særleg dei siste døgra, og totalt 7 kommunar har innført svært strenge tiltak på tiltaksnivå 5a frå 17.mars. Dette inneber at Haugalandet delvis stengjer ned. 

Suldal kommune har møte med Sauda og Etne kommune, statsforvaltarar, FHI og Helsedirektoratet for å klarleggja nødvendig tiltaksnivå i dei 3 kommunane sett i lys av den forverra situasjonen på Haugalandet. Desse 3 kommunane er nabokommunane til Haugalandet.
 
Suldal kommune kjem med meir informasjon så snart det føreligg.