Sjølvregistrering av positive testsvar

Oversikt over smitte og nærkontaktar

For å letta arbeida med oppfølging av posititive hurtigtestar og opprettahalde kommunal oversikt over pandemien, er det no mogleg å sjølv registrera positive prøvesvar i det digitale smittesporingssystemet ReMin.
Smittesporingsteamet i Suldal har sidan starten på pandemien nytta ReMin for registrering av smitte og nærkontaktar. No kan du sjølv registrera positive testsvar frå hurtigtest. 

Slik registrerar du positiv test

  • logg inn i ReMin med bank-ID
  • legg inn informasjon om eigen smittesituasjon
  • registrer smittestatus på eigne barn under 16 år. 
  • registrer nærkontaktane dine

Registrer positiv test

 

Bekreftande PCR-test

Bekreftande PCR-test anbefalast til følgjande personar:

  • Barn og unge 0-16 år
  • Uvaksinerte og delvaksinerte personar
  • Personar med underliggande diagnosar