Råd til deg som har vore i Oslo og nærliggande kommunar 

Det er påvist engelsk mutert virus i Oslo-området. Nordre Follo kommune og ni omkringliggjande kommunar inkludert Oslo har satt i verk strenge tiltak for å stoppe smittespreiinga. 

Med bakgrunn i denne situasjonen har Suldal kommune, saman med 14 andre kommunar i Rogaland, valt å kome med følgjande oppmodingar og påminningar:

  • Me fraråder alle reiser til området som ikkje er strengt nødvendige.
  • Me oppfordrar alle som kjem tilbake til Rogaland om å vere ekstra varsomme med kor mange du du har kontakt med.
  • Me anbefalar å unngå besøk til eldre og sårbare personar dei første 10 dagane etter at du er tilbake fra området.
  • Me oppfordrer alle som har vore i dei aktuelle kommunane om å vere særleg merksame på om dei utviklar korona-symptom.
  • Sjølv lette symptom som nyoppstått hovudpine, sår hals, naseforkjøling, hoste eller feber må medføra at du testar deg og er i karantene til svar på testen er klart.
  • Har du i løpet av dei siste 10 dagane hatt nærkontakt med nokon som har hatt opphald i ein av desse kommunane, må du vere forsiktig, og ha låg terskel for å teste deg.
  • Du blir fraråda å gjennomføra besøk på sjukeheim og omsorgsboligar dei første 10 dagane etter heimkomst frå desse kommunene. For Suldal gjeld også same oppmodinga som tidlegare, at personar som har vore i område med høgt smittetrykk i Noreg og utlandet, ventar 10 dagar før dei besøker pasientar.

Dei 10 kommunane dette gjeld er: Oslo, Enebakk, Frogn, Indre Østfold, Moss, Nesodden, Nordre Follo, Vestby, Våler og Ås 

Legekontor
Telefon 52 79 23 00
Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Telefonen blir besvart i opningstida til legekontoret