Pressemelding

Suldal kommune innfører lokal forskrift frå 18. mars kl 00.00.
Som følgje av utviklinga i smittesituasjonen på Haugalandet har kommunane  Sauda, Etne og Suldal beslutta iverksetjing av lokal forskrift for perioden 18. mars. til 23. mars. Bakgrunnen er aukande smitte i regionen. 
 
Suldal kommune iverkset med bakgrunn i både nasjonal og lokal situasjon eiga Covid- 19 forskrift for å hindre smitte i Suldal. Forskrifta er fastsett av kommunelegen i Suldal kommune 17. mars 2021 med heimel i lov av 5. august 1994 nr 55 om vern mot smittsame sjukdommar § 4-1. 
 
Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar og verksemder med fast eller mellombels opphald i Suldal kommune.
Hovudinnhald i forskrifta:
 
Stenging av verksemder
a) Treningssenter, likevel slik at følgjande tilbod kan halde ope:
1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil fem personar med arrangør.
2. Individuell trening og behandling som krev timeavtale.
 
b) Suldal bad, likevel slik at følgjande tilbod kan halda ope:
1. Skulesymjing
2. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil fem personar med arrangør.
3. Anna individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er del av behandlinga.
 
c) Museum
 
d) Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader.
 
e) Offentlege stader og verksemder der det går føre seg organisert kultur- idretts- og fritidsaktivitetar kan berre halde ope for barn og unge under 20 år. 
Trus- og livssynshus kan halda ope med dei avgrensingar som følgjer av forskrifta § 4. 
 
Tal på personar som kan vera til stades på arrangement
Arrangement og private samankomstar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale kan gjennomførast innandørs med inntil 10 personar. Private samankomstar utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 20 personar. Arrangement utandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 50 personar. 
Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.
Forutsetninga for avsnitta ovanfor er at ein kan overhalda avstandsreglane som gjeld til eikvar tid. 
 
Skjenkestopp
Serveringsstader som har skjenkeløyve etter alkohollova kapittel 4 og 5 skal ikkje utøva skjenkeløyvet.
 
Stans av idretts- og fritidsaktivitetar
Det er ikkje tillate å organisera idrettsaktivitetar innandørs for vaksne over 20 år. Det same gjeld for fritidsaktivitetar som organiserte øvingar, trening og prøvar for kor, korps og teater. Stemne, kampar og og turneringar er ikkje tillate. Barn og unge under 20 år kan delta på organisert fritidsaktivitet.
 
Det blir ekstraordinært formannskapsmøte på teams torsdag 18. mars kl 14