Pressemelding: Smitteutbrot

Oppdatering etter påvist smittetilfelle 18. juni. 

Fredag 18. juni vart det påvist eit smittetilfelle med covid-19 hos ein tilsett ved Fargeriet kafè. Hurtigtestar viser laurdag at det er tre nye positive prøvar i Suldal. Dei smitta er sett i isolasjon og smittesporing pågår ut over dagen. Alt tyder på kjent smitteveg på dei nye smittetilfella.

Det kjem meir informasjon i kveld.

Suldal kommune oppfordrer kunder som har vore innom på Fargeriet kafé måndag 14.06, tysdag 15.06 og onsdag 16.06 til å vere merksame på symptom, og ha låg terskel for å teste seg om så er tilfelle. Personar treng ikkje å teste seg om dei bare har vore innom på Fargeriet kafé

Korona- telefonen får utvida opningstid:

Fredag til kl 20.00
Laurdag kl 10.00-20.00
Søndag kl 10.00-20.00

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag: 08:00 - 15:30