Pressemelding: Smittetilfelle

Positivt tilfelle av koronasmitte i Suldal kommune

Suldal kommune mottok idag informasjon om at ein person som jobbar ved Fargeriet Kafé har testa positivt for koronavirus. Vedkommande hadde symptom på sjukdommen. Det er ikkje kjent vidare smitte til kundar og personen er isolert.

Suldal kommune sitt smittesporingsteam har i ettermiddag jobba med å få oversikt over kva nærkontakter den smitta har hatt. Det er førebels usikkert om det er fleire personar som kan ha blitt smitta. Smittesporingsarbeidet tyder på at det er kontroll på kontaktmønsteret som den smitta personen har hatt. Førebels er det ikkje kjent smitteveg, men smittesporingsteamet jobbar ut i frå ein hypotese som indikerer ein mogleg smitteveg.

Suldal kommune oppfordrer kunder som har vore innom på Fargeriet kafé måndag 14.06, tysdag 15.06 og onsdag 16.06 til å vere merksame på symptom, og ha låg terskel for å teste seg om så er tilfelle. Personar treng ikkje å teste seg om dei bare har vore innom på Fargeriet kafé

Korona- telefonen får utvida opningstid:

Fredag til kl 20.00
Laurdag kl 10.00-20.00
Søndag kl 10.00-20.00

Kommunen har tatt kontakt med personar som kan ha blitt smitta. Nærkontaktene er nå i karantene og vil bli testa for koronavirus. Kommunen jobbar nå med å få avklart om nærkontaktene også er blitt smitta.

Med bakgrunn i dette vil Suldal kommune nytta høvet til å minne folk om å følge dei nasjonale smittevernråda.

Suldal kommune kjem tilbake med oppdatert informasjon etterkvart i saka.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag: 08:00 - 15:30