Pressemelding: Ny informasjon om smittesituasjonen i Suldal

Suldal kommune stadfesta fredag 18. juni eit utbrot av Covid- 19 viruset i Suldal.

Ein gjekk fredag 18. juni ut med at smitteutbrotet var knytt til ein tilsett på Fargeriet kafè. Ein nyanserer no dette; smittekjelda er knytt til eit arrangement utanfor Suldal kommune og fleire personar blei smitta på ein samankomst.

Per laurdag 19. juni (kveld) har 9 personar testa positivt i utbrotet. Alle dei smitta er sett i isolasjon.

Aldersfordeling på dei smitta:

  • 5 smitta under 20 år
  • 1 smitta i aldersgruppa 20-40 år
  • 3 smitta i aldersgruppa 40-60 år

Det er 77 nærkontaktar knytt til utbrotet. Talet vil sannsynlegvis endra seg. Nærkontaktane er sett i karantene.

Det er behov for særskilde tiltak ved Sand skule knytt til utbrotet. Det er påvist smitte av Covid-19 hjå ein tilsett og ein elev.

I samband med smittesporingsarbeidet har Suldal kommune i samråd med FHI bestemt at det skal gjennomførast massetesting av alle elevane ved 9. og 10. trinn. Elevane blir sett i karantene og hustandsmedlemmane deira blir bedne om å gå i ventekarantene. Det vil bli send ut informasjon til dei føresette om dette laurdag kveld, 19.juni. Suldal kommune vil koma tilbake med meir informasjon om korleis drifta ved Sand skule blir i komande veke, i løpet av søndag 20.juni.

Smittesituasjonen i Suldal er krevjande. Suldal kommune tilrår at alle arrangement i Suldal blir avlyste eller utsett.

Dei klare råda til alle innbyggjarane er:

  • Følg med på om du utviklar symptom
  • Ha få nærkontaktar
  • Ha låg terskel for å be om test

Suldal kommune jobbar vidare med kartlegging.

Tidlegare i saka:

18.06 - Pressemelding: Smittetilfelle

19.06 - Pressemelding: Smitteutbrot

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag: 08:00 - 15:30