Nytt smittetilfelle i Suldal kommune

Suldal kommune mottok i dag informasjon om at nok ein person har testa positivt for koronavirus, utover det smittetilfellet som vart meldt i dag tidleg.

Personen som testa positivt er over 60 år, hadde lette symptom på sjukdomen og er no isolert. Dette tilfellet har samanheng med tilfellet meldt tidlegare i dag.

Suldal kommune sitt smittesportingsteam har jobba med å få oversikt over kva nærkontakter den smitta har hatt, og det er kontroll på kontaktmønsteret. Det er kjent smitteveg.

Dette er det 35. koronatilfellet i Suldal kommune.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00