Nytt koronatilfelle

Det er meldt om eit nytt smittetilfelle i Suldal, knytt til innreise. 

Den smitta er folkeregistrert i Suldal, og har vore i utlandet. Personen er i karantene utanfor kommunen. Personen har ikkje vore i Suldal ved smittetidspunktet og heller ikkje i tida etter vedkommande blei smitta. Dette er det niande smittetilfellet knytta til Suldal.