Nye smittetilfelle - 4. og 5. denne veka

Suldal kommune har mottatt informasjon om at to nye personar har testa positivt for koronavirus. Dette er det 4. og 5. tilfellet denne veka.

Også begge personane er under 20 år og er elevar ved Sauda vgs avdeling Sand, Topp Volley. Personane er no isolert.

Informasjonen smitesporingsteamet har fått tyder på også dette er kjend smitteveg, og har tilknytning til smittetilfellet som vart påvist på onsdag. Smittesporingsteamet og personane har i samarbeid jobba med å få oversikt over kven som er nærkontaktar. Alle nærkontaktane har nå blitt kontakta og fått informasjon om kva råd dei skal følgje. 

Det har no totalt vore 40 koronatilfelle i Suldal kommune.

Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Den lokale koronatelefonen er open:

Måndag – fredag
09:00 - 11:00
13:00 - 14:00

Laur - søn
10:00 - 13:00