Lokal forskrift vidareført

Det vart i dag, 23. mars vedtatt i formannskapet å forlenga den lokale forskrifta om førebygging av koronasmitte fram til og med 6. april.

Som følgje av utviklinga i smittesituasjonen på Haugalandet har kommunane  Sauda, Etne og Suldal beslutta iverksetjing av lokal forskrift for perioden 18. mars. til 23. mars. I Suldal kommune blir forskrifta vidareført til og med 6. april.

I forskrifta har § 3 a og b har blitt endra frå fem til ti personar:

§ 3 Stenging av verksemder

Følgjande verksemder og stader skal halda stengd:

a) Treningssenter, likevel slik at følgjande tilbod kan halde ope:
1. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil ti personar inkludert ansvarleg arrangør.

2. Individuell trening og behandling som krev timeavtale.

b) Suldal bad, likevel slik at følgjande tilbod kan halda ope:
1. Skulesymjing
2. Rehabilitering og opptrening som blir tilbydd individuelt eller i mindre grupper på inntil ti personar inkludert ansvarleg arrangør.
3. Anna individuell behandling som det kan bestillast time til og der bad er del av behandlinga.

Du finn forskrifta her.