Lettelsar i smittevernreglane

Regjeringa fjernar ei rekke nasjonale smitteverntiltak frå kl.23.00 tysdag 01.februar.

Avstand, munnbind og sunn fornuft

Somme koronatiltak står igjen etter lettelsane:

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hold deg heime ved sjukdom
  • Test deg for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptomer
  • Anbefaling om ein meter avstand til andre enn husstandsmedlem
  • Påbod om munnbind der ein ikkje kan halde ein meter avstand (butikkar med vidare)

Les gjeldande reglar for test og karantene på koronasida vår.

Her kan du lesa lettelsane frå Regjeringa i sin heilskap

Det kommunale tenestetilbodet

For det kommunale tenestetilbodet i Suldal tydar dette mellom anna ei lette i smittevernbegrensingane innan idrett og kultur.
Barnehagar og utdanning vil etter nasjonale føringar driva på grønt nivå.
Vidare er det ikkje lenger eit påbod for tilsette å arbeide frå heimekontor.

For alle tenesteområda er det framleis krav om smittevernforsvarleg drift.