Koronatilfelle i Suldal

Suldal kommune mottok i dag informasjon om at ein person som ikkje er busett i Suldal, men som har vore på ei hytte i kommunen, har testa positivt for koronavirus.

Vedkommande hadde lette symptom på sjukdom ved testing, og er no isolert i heimkommunen. Smittesporingsarbeidet er avslutta, og funn tyder på at det er kontroll på kontaktmønsteret til den smitta. Alt tyder på kjend smitteveg, og at det ikkje er smittespreiing til andre personar i Suldal. Nærkontaktane er i karantene, ingen av desse er busett i Suldal kommune.

Dette minnar oss på kor viktig det er halde oss til dei nasjonale og lokale tiltaka, og hugs det aller viktigaste:

  • Hald avstand til andre
  • Hald hendene reine
  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald antal personar du møter nede
Karin Dokken Austvik
Kommunedirektør
E-post
Telefon 52 79 22 21
Mobil 957 26 114
Lokal koronainformasjon
E-post
Telefon 906 99 226

Open i legekontoret si opningstid