Koronasmitta eller nærkontakt?

Dei siste dagane er det fleire i kommunen som har fått stadfesta koronasmitte eller fått status som nærkontakt til smitta. 

Positiv koronatest

Dersom du har symptom på koronasmitte må du halde deg heime og testa deg. Positivt resultat med hurtigtest skal alltid stadfestas med PCR-prøve. Kontakt koronatelefonen for å avtala test.

Dersom du testar positivt må du i isolasjon, og varsla nærkontaktane dine.

Her finn du flytskjema med oppstilling om korleis du skal forhalda deg ved symptom på koronasmitte. (PDF, 85 kB)

Her finn du informasjon og råd om testing og karantene til deg som er nærkontakt  til koronasmitta.