Koronaoppdatering 14. januarLytt til tekstenStopp avspillingDet er ingen nye koronatilfelle i Suldal etter dei to som testa positivt 12. januar. Nærkontaktene har testa negativt. Smittesporinga etter hendinga med dei to smitta 12. januar viste at det var fire nærkontakter. Alle desse fire vart testa for koronavirus, og har fått negativt svar. Ved nærare smittesporing, viste det seg at det berre var to av desse nærkontaktene som er definert som reelle nærkontakter. Desse to er no i karantene. Lurar du på kva som er definisjonen på nærkontakt? Les FHI sin definisjon her. Publisert avTurid Vaage Publisert14.01.2021 08.59